– Først og fremst må du bli glad i deg sjølv. Du må elska deg sjølv utan vilkår, seier kvardagsmagikar Trond Skarpsno.

– Vil du ha ei brødskive?
Trond Skarpsno set seg ned ved spisebordet. Hunden Kali lograr med halen og snusar på journalisten, det framande mennesket som akkurat har trødd inn i heimen hennar. Sambuar og kollega, Reidunn Lunde, smørjar ei brødskive til Skarpsno.

Skarpsno har vakse opp litt over alt. Stavanger, Sandnes, Austlandet.
– Eg var einsam til eg var 13 år. Eg hadde ikkje vener og var veldig i meg sjølv, seiar han.
Han ser rett fram med dei lyseblå auga. Brødskiva med ost og skinke får liggja i fred.

– Det var trist, men det opna ein veg til naturen og ting som eg var interessert i. Det var brennevin som gjorde at eg begynte å sosialisera meg då eg begynte å drikka i 13-årsalderen.
Han hadde drukke i 23 år då han la flaska på hylla. Han seier det var smerta som motiverte han til å komma seg ut av avhengigheita.
I 1992 blei Skarpsno edru. Då var han 36 år gammal og hadde tre barn. Då starta han å jobba med «Fiks Ferigge Ferie».
– Det var eit ferietilbod med shetlandsponniar for ungar som ikkje hadde ferietilbod, fortel han.
Etter det jobba han for Aetat ei stund med å hjelpa folk tilbake til arbeidslivet. Seinare blei Aetat til NAV. Då jobba han mykje med flyktningar og integrering.
Det var brennevin som gjorde at eg begynte å sosialisera meg då eg begynte å drikka i 13-årsalderen.
Så starta han å jobba i det som heita Grønn Omsorg. Etter kvart skifta det namn til Inn på tunet. Det var Bjørn Steinar Berg i Rogaland Fylkeskommune som var initiativtakar til at gardsbruk skulle bli brukt til å produsera omsorgstenester.
– Så ville eg spissa det meir mot vald, kriminalitet og rus, seier Skarpsno.
Det var starten på Fjordhagen.

Det beste ved jobben: er å vera sjølvstendig og å vera kreativ og finna nye vegar til å hjelpa dei som har dei utfordringane eg sjølv har hatt.
– Eg såg at det går an å gjera ei forandring. Det var ein motiverande faktor. Eg reagerte på at denne gruppa ikkje har fått så mykje nyttig hjelp. Me har blitt behandla som egg.
– Kva legg du i det?
– Me har hoppa frå andre etasje, gjennom vindauge og ned på biltak, sprunge med blålys i nakken. Me har absolutt ikkje behandla oss sjølv som egg. Me har behandla oss som om me skulle vore laga av betong, forklarar Skarpsno.
I 2014 skreiv Strandbuen at Fjorhagen sitt behandlingsopplegg hadde oppsiktsvekkjande gode resultat. 75 prosent av dei som var til behandling blei rusfrie. Skarpsno meiner det går enda betre i dag.
– Eg trur det berre går betre og betre. Det handlar om at folk skal få eit godt liv og fungera i liva sine og i samfunnet.

MAGIKAR: Trond Skarpsno vil ikkje gi seg sjølv ein annan tittel enn kvardagsmagikar. – Du er jo terapeut, Trond, kjem det frå sambuaren, Reidun Lunde.
Skarpsno kallar dei som er på gården for elevar. Han lærer dei som kjem til Fjordhagen om sanning, tilgiving og vilkårslaus kjærleik til seg sjølv.
– Dei går på eit livsmeistringskurs her hos meg. Dette er eit tilbod for dei som har utfordringar med kriminalitet, vald og rus. Men det er ikkje dei tinga me jobbar med. Me jobbar med det som kjem før. Problemet startar på skulen når du får greie på korleis du burde vera, men ikkje er. Då startar trøbbelet i hovudet til folk, fortel han.
– Me må slutta å dømma oss sjølve. Det gjer oss i mindre stand til å ta vare på oss sjølve, held han fram.

LÆRER AV ALT: Elevane på Fjordhagen jobbar mykje ute. – Det er noko å læra av alt. Læra å skru i motorar, fiska, dra garn, læra å spa og bruka verktøy, å så, læra om biologien, seier Trond Skarpsno. Her saman med tidlegare elev, men no tilsett Espen Kauf.
Målet til Skarpsno er at elevane skal bli kvardagsmagikarar.
– Det vil seia å laga gode dagar for seg sjølve og gi slepp på den børa som er fortida, forklarar han.
Fjordhagen har tre tilsette. Ein av dei er Espen Kauf (39) frå Stavanger. Han kom til Fjordhagen som elev for fem år sidan. Då var han trøytt av eit liv prega av rus, vald og kriminalitet. Han sona sin siste dom i Vervik.

GIVANDE JOBB: Espen Kauf jobbar som erfaringskonsulent i Fjordhagen, men kom hit som elev for fem år sidan. – Jobben er givande, flott, tung og litt slitsam. Mest av alt er den veldig givande. Det er kjekt å sjå at andre kan få det eg har fått, seier han.
– Eg trefte Trond som var glad i meg fram til eg klarte å bli det sjølv, fortel han.
Etter halvanna år som elev forlét han garden, men etter eit halvt års tid kom han tilbake.
– Eg meistra ikkje livet så godt som eg trudde eg skulle. Eg hadde noko å gi og det var meir motiverande for meg å vera her enn å jobba andre stader. Eg følte at det var det som var rett. Og det var det, seier han.
Ein typisk arbeidsdag for kvardagsmagikaren startar på kjøkkenet. Der et han frukost og bakar brød.
Klokka ni startar skulen. Fram mot lunsj har dei undervisning, før dei går ut og driv garden.
– Me dyrkar grønsaker, frukt og bær, me har høner, me fiskar og jaktar. Me vaskar, held det reint og ryddig. Me har nokre prosjekt og me har trening, fortel Skarpsno.
Eg trefte Trond som var glad i meg fram til eg klarte å bli det sjølv.
På kvelden har dei ei oppsummering av dagen.
– Då snakkar elevane med kvarandre om kva dei synest dei har fått til og kva dei kunne ha vore betre på. Så legg me dagen bak oss.
Skarpsno fortel at ingen av dei som kjem til Fjordhagen er like.
– Nokre er veldig redde, nokre er veldig leie og deprimerte. Nokre har gitt heilt opp, er bitre, fulle av nag og hat og bitterheit. Det er veldig forskjellig.
Alt han krev av dei er at dei er ærlige.
– Viss du går til legen og seier du har vondt i foten, men eigentleg har vondt i øyra, korleis skal legen då finna fram, spør han retorisk.

FAR TIL FEM: Trond Skarpsno var 36 år då han blei edru. Då var han far til tre. Nå er han far til fem. Dei er frå 25 til 42 år gamle.
Det er varierande kor lenge elevane er hos Skarpsno.
– Folk kan vera her i veker og nokre kan vera i år. Det er ikkje to menneske som er like, sjølv om det er mykje likt med oss. Me kan tru me kjenner folk, men når alt kjem til alt så kjenner me ingen.
– Kjenner me oss sjølve?
– Det er gjerne der me har ein sjanse. Etter kvart. Viss me får vekk all den løgna me har fått då me voks opp.
Skarpsno er oppteken av å vera raus med seg sjølv.
– Gi deg sjølv nokre tabbekvotar kvar dag. Fem tabbekvotar til dømes, og viss du har brukt dei opp før lunsj, så er du raus med deg sjølv og gir deg fem nye. Me må ikkje snakka oss sjølv ned. Og me må prøva å ikkje ta nokon ting personleg.
– Det er ei vanskeleg øving.
– Ja, det er ei vanskeleg øving, men veldig god når du begynner å få roa på det. Eg er ansvarleg for kva eg seier, men eg er ikkje ansvarleg for kva du høyrer. Det kan eg ikkje vera.
Han kjem tilbake til det å vera ein kvardagsmagikar – å vera i stand til å laga gode dagar for seg sjølv.
– Den einaste oppgåva me har i livet er å gjera oss sjølve lykkelege. Først og fremst må du bli glad i deg sjølv. Du må ha ein vilkårslaus kjærleik til deg sjølv. Du er fullkommen akkurat slik du er, seier han.
– Eg er glad i deg, eg. Eg elskar deg. Utan at eg kjenner deg. Fordi det er godt for meg å elska. Det er godt for meg å vera glad i folk. Eg tilgir alle. Og meg sjølv. For då har eg det godt, seier han til journalisten som blir blank i auga.